Hekta på gaming? Føredrag om dataspeling

Dataspeling er kjelde til underhalding, kunnskap, konflikt og problem. Vil du vita meir om dette er føredraget med spesialrådjevar Reidar Dale frå KoRus Vest ein god stad å byrje.

Dataspeling er kanskje ein av dei mest utbreidde hobbyane i dag. «Alle» spelar eitt eller anna, anten det er på telefon, 
datamaskin eller spelekonsoll. I føredraget gjev Reidar Dale oss kunnskap om og kanskje også nokre verkty å bruke i møte med dataspeling/gaming.


Dataspeling kan være ei kjelde til konflikt i heimen (tidsbruk, lekser, snur døgnet m.m.) 
Foreldre er ofte veldig flink til å støtte opp om og heia på borna når dei trenar og spelar fotball/handballkampar, men kanskje i liten grad interessert i trening og kampar i den virtuelle verda. Dataspelavhengigheit (gaming disorder) blir offisiell diagnose frå januar 2022. 


KoRus Vest er eit regionalt kompetansesenter innan rusfeltet i Norge. Dei yter hjelp og støtte til kommunar og 
spesialisthelsetenesta i Vestland fylke med kompetanse, organisering og kvalitetsutvikling av rusfaglege tenester og tiltak.
Reidar Dale arbeider i hovudsak med tidleg innsats rundt utsette barn og unge.


Tilskipinga er i samarbeid med Voss bibliotek, Helse Bergen og Vestland fylkeskommune


Billettar til Hekta på gaming? Føredrag om dataspeling

  1. Tor 8. apr kl 18:00 Konferanserom Ope
Vis hele programmet
_
_
_