Festkveld med Fløgstad, Fliflet og Gujord

Kjartan Fløgstad har gjeve ut over 50 bøker sidan debuten i 1968. Sidan det har han prega både den litterære og politiske debatten i Noreg. For boka Dalen Portland fekk han i 1978 Nordisk råds litteraturpris. I 2008 fekk han Brages ærespris. Fløgstad er framleis svært aktiv og produktiv, og på dette arrangementet skal han presentere den nye boka si som kjem ut hausten 2019.

I boka Sandharpesongar, har Kjartan Fløgstad samla songtekstane sine med notar og besifring. Gabriel Fliflet er ein av komponistane som har set vakre melodiar til desse dikta. Mange kjenner Fliflet fra samarbeidet med perkusjonist Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre.

Han har tidlegare samarbeidd med fleire forfattarar, til dømes Jon Fosse, Per Olav Kaldestad, Ragnar Hovland og Einar Økland. Fløgstad og Fliflet vil både syngje og fortelje om songane i boka.

Sist men ikkje minst får vi møte litteraturforskaren og Fløgstad-ekspert Heming H. Gujord. I 2018 gav han ut boka Fløgstad verk, som er den mest omfattande analysen som er gjort av forfattarskapet til Fløgstad. Få, om nokon, her til lands har like god oversikt over forfattarskapet til Fløgstad som Gujord. Han vil presentere boka si, og samtala med Fløgstad.

Forfattarmøtet er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og er arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.


Billettar til Festkveld med Fløgstad, Fliflet og Gujord

  1. Ons 2. okt kl 19:00 150 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_