Ørjan Burøe

I over 20 år har han reist rundt som komikar, men det er først no han står aleine, og Ørjan står stolpestøtt!

Dette er ei framsyning som røskar deg i sjela, og han beveger seg hårfint på knivseggen heile vegen. Med nærmare 50% skilsmisser i året meiner Ørjan det er på tide at man tar seg sjølv, forholdet og barna på alvor.

Framsyninga tar tak i tabubelagte tema som sjalusi, sorg, fordommar, men også dei trivielle kvardagslege ting vi kanskje ikkje snakkar så mykje om.

Ørjan er ein komikar med svært mykje på hjertet og det tok ikkje lang tid før bloggen hans var blant Norges mest leste. Med lang fartstid på radio, TV og ikkje minst scene, er dette ei morosam og sterk forestilling med tette punchlines, som gjer at du ler og ler og ler og kanskje til og med gret ein liten skvett.


Billettar til Ørjan Burøe

  1. Lau 8. des kl 19:00 395 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_